måndag 11. mai 2009

Hengelåsar, kaninbur og LAN

Som liten var han mest oppteken av hengelåsar. Det var eit salig styr kvar gong vi tok han med inn i ei jarnvareforretning. Vi putta han ofte inn i kaninburet av den enkle grunn at han likte seg der. Vi måtte stadig overbevise han om at vi skulle av stad for å besøke dei skumle trolla i skogen då han masa om å få bli med oss store søskena ut av huset - og han trudde på det. 

I dag er hengelåsen fast i kaninburet, og det er heller han som skremmer oss med at han skal på LAN når han går ut av huset - og vi trur på det. 

Flybilletten vart som vanleg booka i siste liten då eg skulle ut av huset. Flybussen var treig, eg var treig og det såg heller mørkt ut då eg hesblesande lente meg over skranken på Flesland hall åtte fredag kveld:
-Duuu! Flyet mitt går ti på åtte! E ej for seine?
-Ja, da e d nok forr sent.
-"Stygt ord"! Ka gjer ej då?
-Vænt litt du så ska eg sjekke ut herr. Ja, flyet ditt e en time forrsinket så d gårr nok brra likevæl.
-YESS!

Heime var kjøleskapet eit reint koldbord i seg sjølv, men ho mor leitte fram grovskjeva, drog fram peikefingeren og var klar i røysta då ho gjorde det klart at dette var mat for morgondagen. Likevel: eg røska med meg ein kyllingbit.

I kyrkja tok Møgster på seg både dei mørke og dei klåre brillene sine, og i eit heftig sammensurium av metaforar på vidaregåande analysenivå, kunne han fortelje korleis det var å sjå verda i ulike fargar. Mørkt og lyst. Nokre briller hadde til og med  fargar på innfatninga. 
Dei kunne vere grøne og dei kunne vere blå, eller grå. 

Otto var allereie klar i Amazonen
 då eg løfta stakken over kyrkjetrappa. Eg sette meg inn og vi 
brumma av garde. Brum, brum heilt til politiet stod i ei busslomme og vinka oss til sida. Promillekontroll. Blås. OK! 
-Karr e oblata dine?
-Nei, ej betalte rekninga i forgårs
-Jaha, då ringe ej til Ørsta og høyre me dei
Etter ein kjapp telefon kom den gule vesten tilbake
-Har du hatt bilen lenge eller?
-Ja, ej he no hatt den ei stond, men... ja..ej he so monge bila heime osso skolle no ej til kyrkje i dag so ej tenkte at d va finast å ta dinne bilen. 
-Ja, du sei d ja. E han godkjende da?
-Ja, nei..ej he fått time i midten av mai
-Ej skal passe på at han fæ fiksa d ej, sa eg. 
Så brumma vi av garde heimover mot eit hus fullt av mat, folk, førarprov og vognkort. 

Det vart tala ein del denne dagen. Om liv og framtid, om vegar å gå, om utfordringar og sjølvstende. Eg sat der og såg på broren min, og tenkte over kor kjekt vi har det ilag. Kor vaksen han er blitt. Eg tenkte på hengelåsar og kaninbur, og på LAN, då eg brått fekk kjenne ein tårekanal i full blomstring. Eg greip tak i ananasbrusa, retta på duken, snudde songarket med biletet av broren min opp ned og kom meg til hektene att medan "Kom mai du skjønne milde" gjekk laus på øyrene mine i bakgrunnen. 

Men den siste talen (sukket) kom nok frå konfirmanten sjølv under kaffislaberaset seinare på kvelden: 
-Ka tid den e færdi dinne konfirmasjonen? Ej e leide. 


laurdag 2. mai 2009

Den største bomba sidan Max Manus var i krigen

Alle snakka om den. Denne filmen. 
-Hæææ! Har du isje sett an?? Ja, den e vel isje komt på kino der oppe ennå.
Lisbeth var tidleg ute med å fremje det faktum at ALLE hadde sett tidenes norske film utanom meg. 

Eg rota rundt i mi eiga hjerne, kasta om på Piaget sine tankeskjema. Kven andre enn meg? Kven andre var det som kunne meine at 1997 var i fjor og at Titanic framleis var å finne som ein "one to watch" på Video Vest, 6060 Hareid? 

Kinosalen såg ut som Hjørungavåg barneskule sin gymsal under folkefesten ein 17.mai - stappfull. Med godteposen i den eine handa og kinobilletten i den andre kravla eg og Iris oss opp alle trappene heilt til talet 7 lyste oss i augene. Jauda, desse plassane var absolutt overkomelege. 

Max Manus var allereie ein time inne i 2.verdskrig då eg brått kjende ei rar og merkeleg kribling i kjevane. Eg lente meg tilbake i stolen, stirra Max Manus i augene og tenkte at det snart ville gå over. 
-Ej trur kanskje ej må spy, sa eg til Iris
-Hæ? Du kødda. Skal du ut da eller?
- Naeei, e so skommelt å gå forbi skjermen. Går sikkert over. 
Forstår ingenting. Ekje kvalme liksom. 

Eg stirra atter ein gong i skjermen. Max Manus sine mykje omtalte handlingar interesserte meg mindre og mindre. Eg var i full konsentrasjonsrus då eg brått fekk kjensla av å framstå som ei rista coca cola flaske. Ut av ingenting bobla halsen min over av udefinerte partiklar. Eg kjende korleis ei masse av fyldig karakter jobba seg i høg fart mot fridomen. Munnen nekta med det første å sleppe ut herlegdomen, og blåste seg opp i ein heller komisk positur. Men sjølv kor storkjefta eg kan vere, klarte ikkje munnen å bere innhaldet magesekken hadde å by på. Den største bomba sidan Max Manus var i krigen, eksploderte utover sete 4, rad 7. Tida stod stille idet magefyllet dala ned mot det mjuke (og sikkert nyreinsa) teppet på golvet. Litt her og litt der. Heldigvis var eg oppgåande nok i gjerningsaugneblinken til at eg passa på å fordele det meste utover meg sjølv.
-Ej spydde
-Ja, ej såg d
-Går ut ej
Eg reiste meg, smaug meg forbi alle dei Max Manus- sjåande folka som var midt i ei tårevåt scene med fine ord og medkjensle. Så gjekk eg ned alle trappene frå rad 7 og dansa lett over golvet som ein skugge på det store lerretet. 

Eg såg ut som ein godtepose der eg stod. Eg kunne kjenne att dei ulike godtesortane på buksa mi, ei krokodille der, ein lakrishatt der og to sure føter der, men den gule klatten på høgre arm hadde eg ikkje sett før. Hadde det berre lukta godteri også. Det hadde vore noko det, sjølv om lukta på den andre sida var det mest normale ved heile denne hendinga. 

tysdag 25. november 2008

Juletrekninga 2008

video

Julegåvetrekninga har atter ein gong gått føre seg på skikkelig vis, 
denne gongen med Bergensstudentane Renate og meg sjølv 
som ansvarlege trekkjarar. 

Vi valde i år å gå ut i frå ein pedagogisk sirkel der kvar og ein kjøper ei
fin og fjong julegåve til den som står til høgre for seg sjølv i systemet.
 Slik er vi alle ein del av livets julegåvesirkel. 

Ja, då er det vel berre å ønske alle lukke til.
God jul til alle kinesera, ulsteinvikara, hareidsdølinga, australiarararararar og hjørungavågarar!

måndag 12. mars 2007

Christiesgate 11 - der bur eg

Då er vi faktisk kvitt soppinfeksjon i lunger og hjarteklaff. Ny atmosfære og ny vinduskarm (eg har fått takvindu). Det einaste grøne som no veks på mitt rom er kaktusane, og dei treng ikkje ein gong fukt! Livet smiler i Christies gate 11.

Ja, vi har flytta! Gult murhus, hand i hand med vektartorget, 7 eleven og bakeri i første etasje, Camilla, Lisbeth, Ruben, Christian og Erlend i 5 etasje. Vi vinka farvel til sopp, skeive veggar og grøne alger 27-28. februar saman med vår gode kamerat Bergen Flyttemercedes. Med lasterom str tre meter langt, høgd str 2,5 meter over bakken, fekk vi plass til det meste av alt det vi hadde påta inn i tordenskjoldsgate 24 på berre 7 månedar. Skal så nemnast at ein eig meir enn ein er i stand til å tru.
Bergen har teke overdose av einvegskøyrde gater. Etter å ha forvilla ein fullasta Mr.Mercedes ut på motorvegen, langt ut mot laksevåg, fann vi endeleg fram til vår nye adresse. Nemte eg at vi bur i 5. etasje? Då er du kanskje glup nok til å skjøne at alt måtte flyttast frå Mr. Mercedes og 538 trappetrinn opp i stratosfæren også. Kva skulle ein med vektartorget denne dagen? Planen var å kidnappe muskelfantoma i "pump- og svett- rommet", for så å fortelje om vårt statiske styrkeprosjekt samt trappetrening. Ettersom at tida var på anabole steroider desse dagane, og ingen XL-bicepsar melde seg frivillig (???), innsåg vi raskt at flyttegjerdsla måtte gjerast på eiga hand.

Sofa, stress-lessar(ironisk), senger, banankasser (utan bananar), bossekkar (utan boss) og andre ubestemte attraksjonar fekk kjenne høgdemetera auke. To og to traska vi fram og tilbake hendene fulle, medan den siste hadde pause og vakt ved flytte-doningen. Det heile tok berre to dagar, iallefall for Ruben og Lisbeth ;) Eg ditsja dei siste tre timane då eg brått innsåg at, ja, flyet mitt går faktisk klokka tre. Ikkje hadde eg reseverasjonsnr og ikkje hadde eg pakka. For å seie det slik så har Ann - Helen no tilgang til heile mi passordbaserte verd på desse http:// - sidene. Ho fekk dermed "hækka" seg inn på mailen min for å leite etter den gyldne nøkkelen til "fest setebeltet, opp med stolryggen og alt elektronisk utstyr skal vere avskrudd", men noko reservasjonsnr fann ho likevel ikkje. Det hadde eg nemleg fått tilsendt på SMS rundt 45 år f.kr, og var for lengst sletta. Men i lufta kom eg meg likevel. Som plaster på såret fekk eg sitte midt mellom to polakkar gjennom heile flyturen.
Så no bur eg altså her, i Christies gate 11. E nøgde ej! :D


fredag 16. februar 2007

Brynjulf Blåstein

Kjære bakgårdskatt Brynjulf Blåstein.

Eg anar ikkje kven du er, men hald augene opne. Om ikkje lenge skal eg stå i porten atter ein gong. Men pass deg!! Terminatorane luskar rundt hjørna. Skulle du vere så uheldig å støyte på ei slik bolemaskin, høyr mine ord eg legg i din munn: "Eg veit korleis du har det. Eg kjøyrer drosje på Hareid".
Av erfaring let dei deg då gå. Fritt vilt! Kom så bort til grøn, raud og meg, og vi skal saman trykke raud.....på andre sida av den kvite porten. Elektrisk!

laurdag 10. februar 2007

BOHNANZA! Ej he en åker...


For tida e d 24 coffee ej he
men spør ej ne Oda so kan ej nok få bytte d
Ho he en sjelden art av cocoa bean
Ej gir ne en coffee og pengesummen min blir fin

REF:
Ej he en åker i hagen min
Der e plass til to om ej bærre vil
Men so spørst d om ej vil fylle na me d du gir
Ej gir ikkje ka som helst for en blue bean

Kjøde samla mest på chili eller longe, fjonge soy bean
Men ho broka sprøytemiddel, altso joksa so et sviiin
Ho ruga godt på pengane, staden den e lei
For ej veit godt karr i inste ho gøyme dei
Bonden Bønne-Renny samla egentli på d meste
Men d ekje allti slik at d fysste e d beste
Du burde gjerde inne området ditt
Slik at bønnene fæ utvikle potensialet sitt

Bønneminister og storbonde e Andrea garden green
Ho he taktikken klar og ofra det som skal til
Skal du handle me ne, må du skrive kontrakt
For ho helde aldri det som blir sagt

Ho svindla ofte til sej million for million
Osso leika ho tilbakeståande, utan diskusjon
Då e d bærre å svare ne me disse ord i fleng:
Ha dæ vækk ditt spøkæls, æ bytt itj bønn mot småpæng!

Vi dyrka bønne, dei e so sjønne,
Chili eller red om du e heit,
Green eller black, e mædium greit
Soy eller wax om du e seige
Coffee går om du e steikje treige
Stink om du lika kamar-lokt
Du kan vurdere Garden om du he rik tilgong på fukt.

Vi snakka bønne-stash, tæke dei ut i cash
Til vi blir stinne
på ei bønne som ikkje e so lett å finne
Cocoa bean e verst, der he vi bærre fire
Men he du faktisk fått en spire
E d bærre å leite ette fleire for dei finst
So kan du ha en coffee i bakhand for der e over 20, minst!

fredag 9. februar 2007

Oppdateringa som kom etter at det var for seint

Eg erfarte nyst at JET kommune vart brukt i mot meg. Sjølvsagt kom det frå storbonden Andrea, og laud i retninga: "Jet om eg saknar ei oppdatering på denne sida?". Her gav altså Andrea meg to val, ein "fifty, fifty" som dei seier på TV. Eg kunne gjetta nei, oversett det heile og heldt fram med å sjå reprise av Hotel Cæsar. Eg kunne gjetta ja og gitt Andrea dei etterlengta oppdateringane.

Tida gjekk, og eg grubla lenge over kva eg skulle gjere. Var dette eit lurespørsmål? Eg surra rundt på stovegolvet medan klokka gjekk og gjekk, men aldri kom til døra. Berre ein gong før hadde Andrea lukkast i å lure meg; Den blue bean'en treng du ikkje å spørje om fleire gonger! Då ringte det på døra....men det går ikkje for vi har ikkje ringarklokke.... Då kom det nokon trampande opp trappa!!! TAM TAM! Ein skikkelse dukka opp over dørstokken med eit blikk som
<--- kunne drepe. Det herja, særs ukoselege andletet heva brått handa der den heldt ei boks med ...med..... BLUE BEAN!!!!...., før desse orda freste ut or luftlommene frå dei sikk-sakk-sydde munnvikane:

"JET om eg saknar ei oppdatering i åkeren din?!?!! Mooohahahaha!

Meir hugsar eg ikkje før eg vakna til meg sjølv igjen. Blue bean i håret og blue bean i øyra, blue bean i nasa og blue bean i halsen. Blue bean på knea, blue bean i magen, blue bean under neglene. Blue bean over heile meg.
Eg skjøna til slutt teikninga, og fann ut at eg ville gi Andrea dei oppdateringane ho ønska:
Dei to skrivefeila i teksta om Austerrike er no retta.