Då er vi faktisk kvitt soppinfeksjon i lunger og hjarteklaff. Ny atmosfære og ny vinduskarm (eg har fått takvindu). Det einaste grøne som no veks på mitt rom er kaktusane, og dei treng ikkje ein gong fukt! Livet smiler i Christies gate 11.Ja, vi har flytta! Gult murhus, hand i hand med vektartorget, 7 eleven og bakeri i første etasje, Camilla, Lisbeth, Ruben, Christian og Erlend i 5 etasje. Vi vinka farvel til sopp, skeive veggar og grøne alger 27-28. februar saman med vår gode kamerat Bergen Flyttemercedes. Med lasterom str tre meter langt, høgd str 2,5 meter over bakken, fekk vi plass til det meste av alt det vi hadde påta inn i tordenskjoldsgate 24 på berre 7 månedar. Skal så nemnast at ein eig meir enn ein er i stand til å tru.
Bergen har teke overdose av einvegskøyrde gater. Etter å ha forvilla ein fullasta Mr.Mercedes ut på motorvegen, langt ut mot laksevåg, fann vi endeleg fram til vår nye adresse. Nemte eg at vi bur i 5. etasje? Då er du kanskje glup nok til å skjøne at alt måtte flyttast frå Mr. Mercedes og 538 trappetrinn opp i stratosfæren også. Kva skulle ein med vektartorget denne dagen? Planen var å kidnappe muskelfantoma i "pump- og svett- rommet", for så å fortelje om vårt statiske styrkeprosjekt samt trappetrening. Ettersom at tida var på anabole steroider desse dagane, og ingen XL-bicepsar melde seg frivillig (???), innsåg vi raskt at flyttegjerdsla måtte gjerast på eiga hand.
Sofa, stress-lessar(ironisk), senger, banankasser (utan bananar), bossekkar (utan boss) og andre ubestemte attraksjonar fekk kjenne høgdemetera auke. To og to traska vi fram og tilbake hendene fulle, medan den siste hadde pause og vakt ved flytte-doningen. Det heile tok berre to dagar, iallefall for Ruben og Lisbeth ;) Eg ditsja dei siste tre timane då eg brått innsåg at, ja, flyet mitt går faktisk klokka tre. Ikkje hadde eg reseverasjonsnr og ikkje hadde eg pakka. For å seie det slik så har Ann - Helen no tilgang til heile mi passordbaserte verd på desse http:// - sidene. Ho fekk dermed "hækka" seg inn på mailen min for å leite etter den gyldne nøkkelen til "fest setebeltet, opp med stolryggen og alt elektronisk utstyr skal vere avskrudd", men noko reservasjonsnr fann ho likevel ikkje. Det hadde eg nemleg fått tilsendt på SMS rundt 45 år f.kr, og var for lengst sletta. Men i lufta kom eg meg likevel. Som plaster på såret fekk eg sitte midt mellom to polakkar gjennom heile flyturen.Så no bur eg altså her, i Christies gate 11. E nøgde ej! :D


7 kommentarer:
GRATULERE ME NYE BULE CÆMMÅ!!!no venta vi berre på initasjon t et elle anna heimelaga me noko leskande til!!!:D
flørt
Steike, der såg fint ut:)
Ej kjøme på vitjing en av dei næraste dagene...
Heisann!Såg no fint ut ditta!Trur jammen ej må ta mej en tur ned og besøke dej te hausten also! Gratulere so mykje me nye bolig:)
Hoy Camilla=) Hørte om innbrudde dokka! heh...litt ta en opplevelse!!
Innbrot?
He facebook tatt live ta bloggen din fresten? ;)
Du kan klare det, Camilla! Du he framleis nåken daga til..................................................
å feire 1 år,sia sist ej skreiv nåke her!
over ett år me mej me no...skriv nåke nytt cæmmå!!
Legg inn en kommentar