søndag 28. januar 2007

Snøsikre Alpane?


Då var Alpeturen overstått! Fantastisk bra! Alt gjekk etter planen. Skiheisene farta opp og ned som normalt, og vi hadde god utsikt til alle dei kvite stripene (ca to per skitrekk).


Dette kan kanskje høyrest noko ironisk ut, men vi hadde faktisk ein GOLLJtur! Ein treng ikkje alltid snø for å boltre seg. Dessutan var det fine tilstandar 3000 m.o.h.


Eg kom i skade for å bli smitta av ein danskebåtbasill første dagen. Denne grøne organismen budde i halsen min gjennom heile Danmark, Tyskland og Austerrike før ungane flytta ut i ein alder av 3 dagar. Etter det eg har observert, busette ungane seg i halsane på alle mine romkameratar ettersom at tida gjekk. Den eine halsen ligg att på eit sjukehus i Tyskland. Stakkars Bodil!
"Sitat www.marenmaren.com":
Camilla fikk den nest siste dagen det ærverdige ansvaret som romsjef. Den oppgaven lot hun ikke passere uten litt skikkelig disiplin, og selv om hun hadde smittet Bodil med en real bakteriebombe, var det ikke snakk om å ligge og dra seg. Her var det alle mann i arbeid - eller mer riktig - Bodil i arbeid. Stakkars Bodil måtte ligge på verandaen den natten. Det var ikke snakk om å utsette pakkingen til dagen etter. Bodil som hadde pakket alt klart før hun falt i søvn, ble vekket for å vaske. At hun hadde skaffet en ny ovn til rommet ble ikke versatt, for Camilla var opptatt av at rommet skulle etterlates i samme stand som vi møtte det. Hun hadde tross alt et helt rom å drifte, så at hun var litt stressa har jeg full forståelse for.

Må nesten fortelje om den nye kommuna som snart skal opprettast: JET kommune. Ideen vart avla fram på denne måten: Bussen tok ein 10-minuttar utanfor bensinstasjonen JET då eg dreg ein av dei ultratørre vitsane: "JET kvar vi er no?" Denne drog vi så langt, at vi til slutt grunnla JET kommune. Her har vi fasilitetar som JET-ski, JET-fly, JET-båt og JET-motorar. På skulen i kommuna er ikkje spørsmålet: "kva er svaret? Kva blir 2+2? osv..", men: "JET svaret. JET kva 2+2 blir." Ingen veit kvar kommuna ligg, ein må JETTE. Skal du kjøyre dit og kjøper eitt kart, får du utdelt verdskartet med overskrifta: JET kvar? Skal du flyge står det på skjermen: Destinasjon: JET Gate: JET. Kommunevåpenet er eitt spm-teikn.
Are we there JET? NJET. Not JET.

Ja! JET om oss hadde ein strålandes tur :D JETTEbra!

4 kommentarer:

Renate sa...

JET om Jets ligge på Hareid da!

Renate sa...

Ska du likne på kunsten??

Sekundærlitteratur sa...

Sjølsagt skal ej ligne på kunsten, og ej synst ej klarte d bra ;) Sei bærre: bilde e tatt i NAXOS! Og for dåkke so ikkje tog an: Kunsten e ei ku! :)

Andrea sa...

JET om ej sakna oppdatering her då!! ;)